Den stygge byen

Ingen spam, berre byutvikling, demokrati og litt konstruktiv irritasjon i innboksen din.

Som riksurbanist skriv eg for deg som vil vita kva krefter som formar byane våre.

I nyhendebrevet Den stygge byen får du ramsalte tirader og sylkvasse analysar om arkitektur og byutvikling.

Byggeplass med skyskraper under konstruksjon, store kraner og utstyr, og en by i bakgrunnen, sett gjennom et gitter.

Derfor må du også vita meir om byutvikling:

Den digitale infrastrukturen er bygd av folk som tener graps på at me kranglar i staden for å snakka saman.

Altfor mange ekkokammer er styrt av annonseinntekter. Ikkje braaa!

Søren òg at verda blei så saltande polarisert.

Me må møtast for at samfunnet skal funka skikkeleg.

Me kan jo ikkje berre sitja inne og glo på folk som snakkar, i staden for å snakka med kvarandre?

Ekte demokrati treng gode fysiske rom, slik at me kan vera borgarar, ikkje berre kundar.

Om byane våre er stygge, dårlege eller altfor asfalterte, er derfor viktige spørsmål.

Og det er alltid ein grunn til at dei ser ut som dei gjer.*

*For eksempel på grunn av politisk makt, verdiar, ideologi, Statens vegvesen, Olav Thon Gruppen eller pengane dine. For å nemna noko.

Hanna Maria van Zijp, byplanleggjar, motevitar og dama bak nyhendebrevet Den stygge byen

Eg forklarer korleis og kvifor.