Hei!

Hanna Maria van Zijp, byplanleggjar, motevitar og dama bak nyhendebrevet Den stygge byen

Eg heiter Hanna Maria van Zijp og er byplanleggjar, riksurbanist, motevitar, journalist, medmenneske og mykje anna.

Erfaringa mi strekk seg frå redaktørstyrte media via offentleg sektor, til arkitektbyrå og tech-startup. Nå jobbar eg med strategisk kommunikasjonsrådgjeving.

Derfor kan eg både byutvikling, formidling og historieforteljing. Snodig kombinasjon? Kan melda om at eg også har årsstudium i tre og metall.

Vil du vita meir?

Eit slags unique selling point:

Kva eg har gjort

  • Fekk første journalist-jobb som 17-åring og har heldt det gåande i ulike redaksjonelle roller frå desken i D2 til kulturjournalistikk i Dag og Tid. Eg har vore motespaltist i Aftenposten, journalist i Arkitektnytt (nå Arkitektur), og levert kronikkar til NRK Ytring.

  • Har nerda med mykje forskjellig, og tenkjer at alle bør ha studert både sløyd og motevitskap. Kron det med kunst- og arkitekturhistorie, så blir det fest!

  • Med Master of Science i by- og regionplanlegging frå NMBU, er eg opptatt av transportteknologi, sosial berekraft, arkitektur og alt mogleg anna. Ja, og ferjer, nullutsleppsteknologi og blå mobilitet i framtidas byregionar. Phew!

Kva eg kan

  • Munnleg, skriftleg eller snasen PowerPoint (ja, eg handterer også Office-pakken!): Eg kan formidla komplekse samanhengar til både fanden og hans oldemor. Eg skriv, snakkar og fortel gode historier.

  • Eg har bachelor i kultur og samfunn, master i byplanlegging og ein cand.mag.-slengar i motevitskap. Derfor kan eg samanhengen mellom historie, samfunnsutvikling, teknologi og estetikk. Og trivsel.

  • Eg ser samanhengar mellom fortid, nåtid og framtid i byen din. Det er utgangspunktet for å løysa vanskelege flokar – og finna dei beste vegane dit.

Hanna Maria van Zijp, byplanleggjar, motevitar og dama bak nyhendebrevet Den stygge byen

Er du eigentleg meir LinkedIn-typen? Sjekk cv-en min her.