Bildet viser toppen av en grå bygning mot en blå himmel.

Kunsten å lesa

strøk & stader

Kva gjer byane våre gode, rare, grå, stygge, fine, daude eller levande?

Godt spørsmål!

Hjelpa er nær:

Næmen, hei! Eg er ein byplanleggjar som synsar om arkitektur og byutvikling. Les meir om meg her.

Vil du også læra kunsten å lesa strøk og stader? Abonnér på nyhendebrevet mitt Den stygge byen eller send meg ein e-post.

Ok, du vil ha meir kjøt på beinet? Ikkje for å skryta, men eg tilbyr også rådgjeving. Scroll vidare for meir informasjon!

Den stygge byen

Biletet viser Munchmuseet i Oslo frå bakkenivå, med neonskilt og den grå, rare metallfasaden.

I nyhendebrevet Den stygge byen får du ramsalte tirader og sylkvasse analysar om arkitektur og byutvikling.

Hyr meg

Treng du meir kjøt på beinet?
Eg tilbyr føredrag og rådgjeving.

Treng du eit nytt perspektiv?
Eg skriv analysar og ytringar.

Eller er du journalist og lurer på noko?
Ta kontakt!

  • Jobbar du med by, kommunikasjon eller noko midt imellom? Treng kommunestyret, teamet eller leiinga meir kunnskap om stad- eller byutvikling? Eg skreddarsyr føredrag til både større og mindre publikum, med brei fagkunnskap ispedd nokre brukardosar ironi.

  • Er du ein lokalpolitikar som vil læra meir om by i samfunnsutvikling? Er du byråkrat og treng utanfrå-blikk på kommuneplanen? Er du eigedomsutviklar som vil teikna noko verdifullt for byen? Eg tilbyr strategisk rådgjeving og workshops.

  • Eg har har levert meiningstekst til redaktørstyrte medium i 15 år, som Aftenposten, NRK Ytring og Klassekampen. Treng din publikasjon ein kronikk, replikk eller analyse av byutvikling, eit spinnvilt byggjeprosjekt eller berre parkering? Då kan eg ta saka.

    Ørliten disklaimer: Eg skriv berre på vegne av meg sjølv, og påtar meg ikkje oppdrag for privatpersonar eller ad hoc-grupper.

Fasad på en moderne bygning med flere vinduer og solskjerming.

Vanlege spørsmål om byutvikling

  • Nja, ikkje akkurat. Mange som blandar moderne og modernistisk. Modernismen var eigentleg ei rørsle arkitektar med hjartet på rette staden og ønskje om betre folkehelse. Dei ville designa ut frå behov, ikkje ut frå eit formspråk dei meinte var oppbrukt, altså jugend eller nyklassisisme eller noko. Men etter kvart har det glatte og firkanta blitt eit formspråk i seg sjølv – og ein billeg snarveg. Problemet er Temu-arkitekturen, alt det billege rasket som blir smekt opp utan å gi noko tilbake til byen. Fleire moderne bygg er jævlige, ja, fordi det er lettare byggja stygt enn nokon gong.

  • Eit nyrikt opplegg som skal demonstrera økonomisk makt, men det er rart kva ein kan bli vand med etter nokre år. Det er litt dumt med pålandsvinden som blir forsterka mellom blokkene, slik at du får litt østblokk-kjensle. Men det tar seg opp.

  • Ordet stygt rommar mykje meir enn sakn etter pynt. Vurderingane me gjer av stadene våre, er ikkje berre basert på smak. Det handlar om kva verdiar arkitekturen og byen uttrykkjer. Som Emily in Paris eller Walter White i Albuquerque, speglar me oss i omgjevnadene. Og då kan dei ikkje vera så rævva.

  • Dei gjer det, men i plan- og bygningslova er dei eigentleg berre pålagt å varsla i regionale og lokale aviser, samt i brev til interessentar, altså dei som eig tilgrensande. Folk med juridisk eigarskap får beskjed, medan alle oss som har eit følt eigarskap til byen, ser det på glansa arkitektteikningar i ein eventuell reportasje, eller når fasaden ser oss rett i fjeset.

  • Jo, nokon gjer det. Inniblant er det nokon som får til fine, hyggjelege område. Det er ikkje berre fordi dei har spandert pynt som Arkitekturopprøret lengtar etter. Men det krev funksjonar og plassering som skapar byliv, og det gjer ikkje pynt og fine fasadar åleine.